Golfmaraton 2026

GOLFMARATON 2026

Laurdag 11. juli 2026

Er du klar for årets mest sosiale og innhaldsrike golfdag? Vi inviterer til Golfmaraton 2026 – ein lagturnering over 36 hol med tre ulike og spennande speltypar!

Turneringa består av:

• 9 hol Fourball (Best Ball)

• 9 hol Irish Greensome

• 18 hol Texas Scramble

Inkludert i påmeldinga:

• Enkel servering mellom rundene

• Middag på klubbhuset etter dei fyrste 18 hola

Påmelding:

https://tourentry.golfbox.dk/?cid=5450370

Meld deg på som lag eller individuelt – vi set saman lag dersom du manglar makker.

Golfmaraton byr på variert spel, lagånd, konkurranse og mykje godt humør gjennom heile dagen. Finn deg ein makker og bli med på ein av sesongens kjekkaste turneringar!

Neste
Neste

NordVest Tour