Søre Sunnmøre Open

Sunnmøre Golfklubb og Volda Golfklubb har gleda av å invitere til Søre Sunnmøre Open 2026 – ei sosial og spennande turneringshelg for 2-mannslag, som går over to dagar, 23.–24. mai.

Turneringa startar laurdag hos Volda Golfklubb, der det skal spelast 18 hol scramble. Dette er ei lagbasert og uformell spelform der begge spelarane på laget slår frå same plass etter kvart slag, noko som legg til rette for godt samarbeid og mykje speleglede. Søndag går turneringa vidare hos Sunnmøre Golfklubb på Hareid, der det blir spela 18 hol fourball. Her spelar begge på laget kvar sin ball, og det er den beste scoren på kvart hol som tel for laget – ein spelform som gir rom for både strategi og individuelle prestasjonar.

Turneringa blir spela som ei samla konkurranse over begge dagar med stableford som teljeform. Det blir nytta 75 % av spelhandicap, slik at konkurransen blir jamn og rettferdig for alle deltakarar.

Startkontingenten er 250 kroner per spelar, og betaling skjer til di eigen heimklubb via Vipps (betaling skjer på turenringsdag).

Det blir premiering til dei tre beste laga samanlagt, i tillegg til eigne premiar for longest drive og closest to pin begge dagar – både i Volda og på Hareid.

Vi håpar så mange som mogleg vil vere med på å skape ei triveleg helg med godt spel, sosialt samvær og vennskapleg rivalisering mellom klubbane.

Vel møtt til Søre Sunnmøre Open 2026!

Neste
Neste

Sesongåpning 2026 lar seg vente