Vi inviterer til Golfmaraton – ein sosial og variert lagturnering over 36 hol.
Turneringsform:
Lagturnering med 2 spelarar per lag. Det vert spelt 36 hol fordelt på tre ulike speltypar:
9 hol – Fourball (Best Ball)
Begge spelar sin eigen ball. Det beste resultatet på kvart hol tel som lagets score.
Eksempel: Spelar A får par, Spelar B får bogey → laget får par.
9 hol – Irish Greensome
Begge slår ut. Deretter bytter ein ball: Spelar 1 slår vidare på Spelar 2 sin ball, og omvendt.
Etter slag 2 vel laget den ballen dei vil spele vidare på. Deretter spelar ein annakvart slag – den som ikkje slo det førre slaget slår neste.
Merk: På par 3-hol slår begge ut, så vel ein ball, og den som ikkje slo den ballen tek neste slag.
18 hol – Texas Scramble
Begge slår ut. Deretter vel ein den beste ballen. Begge slår vidare frå same posisjon. Prosessen repeterast til ballen er i holet.
Servering:
Enkel mat mellom rundene
Middag på klubbhuset etter fullført runde (inkludert i påmeldingsgebyret)
Greenfee for gjestespelarar: kr 300,-
Påmelding:
Du kan melde deg på som lag eller individuelt – vi set saman lag der det trengst.
Vi håpar så mange som mogleg har høve til å vere med. Golfmaraton byr på ein innhaldsrik dag med variert spel og god stemning. Finn deg ein makker og meld dykk på!