Hol 1
Starten på Sunnmøre Golfbane er ein forsmak på kva som venter deg. Holet går mot vest og her vil det ofte vere motvind. Frå gul tee er det eit stykke fram til fairway. For å klare green på to slag bør utslaget leggast i knekken. Innspel med vatn på begge sider oppmodar til god retning på innspelet.